Søk i arkivet

Svanøy Røykeri fekk byggjeskikkpris

Svanøy RøykeriSvanøy Røykeri opna sine nye produksjonslokale med i mai i fjor, med dåverande fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen tilstades. Sist helg mottok dei Flora Kommune sin byggjeskikkpris for bygget.

Røykeriet ligg som ei perle ved Svanøybukt, kort veg frå butikken og hovudkaia til øysamfunnet. Frå det moderne produksjonsanlegget skipar verksemda ut lokalprodusert laks til heile landet. Fisken er å få kjøpt i utvalde butikkar i dei største byane og sjølvsagt i Florø. Han kan og kjøpast direkte frå produsenten gjennom nettbutikken eller på stands ved ulike arrangement, deriblant Laksens Dag.

Den no prisløna produksjonsbygninga er teikna av arkitekt Eskil Nybø hos arkitektfirmaet Kinn Arkitekter i Florø.

Tekst: Øyvind Kråkås