Søk i arkivet

Stor suksess med open dag

Alex og Anne Karin.Steinvik Visningssenter i Eikefjord har gjort det til eit årleg arrangement med open dag. Laurdag møtte over 600 menneske opp for å oppleve laksenæringa.

Visningssenteret er ein del av Steinvik Fiskefarm sin aktivitet i bygda som ligg mellom Florø og Førde. Anne Karin Vassbotten er leiar for visningstilbodet, og til vanleg tek ho i mot skuleklassar og andre grupper som ynskjer å sjå havbruk på nært hald.

På open dag legg Steinvik tilrette for at flest mogleg i alle aldrar skal kome og sjå senteret og oppleve produktet. Og denne gongen sette dei ny arrangementsrekord; 620 menneske møtte opp. Fisking og grilling var mellom aktivitetane som sto på programmet. På si facebookside skriv arrangøren:

“Vi er veldig takksame for at så mange tok turen til oss i går ! Og atter ein gong stor ære til dei gode medhjelparane våre : bygdafolket vårt som stiller på dugnad, fotball-laget til Eikefjord som tok parkeringsoppdraget og 9- klasse ved Eikefjord skule som tok på seg den populære fiskekonkurransen.”

Salmon Group gratulerer Steinvik og Eikefjord med eit flott arrangement!

Sjå film frå Open dag

Sjå bilete frå Open dag

Tekst: Øyvind Kråkås