Søk i arkivet

Spansk armada hos Blom

Spansk delegasjonNorges Sjømatråd vitja Øygarden Visningssenter saman med den spansk-kinesiske stjernekokken Huang Fai og ein stor delegasjon frå spansk presse.

Med trente røyrsler og ein kniv til 600 Euro laga Huang Fei lekre smårettar av laks utandørs på fôrflåten på visningssenteret. Vakkert førsommarvær ga ei perfekt ramme til det spanske besøket.

25 journalistar frå ulike spanske media hadde funne vegen til Blom Fiskeoppdrett sitt visningssenter ved Ovågen i Øygarden. Leiar for gruppa var Norges Sjømatråd sin utsending til Spania, Hilde Fure Osmundsvåg.

I tillegg til den eksklusive serveringa, fekk gjestane er omvisning på visningsanlegget, som vert drive i samarbeid med KHuang Fei 2ystmuseet i Øygarden. Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, var sjølv med og synte rundt.

Spania har i alle år vore ein viktig importør av norsk laks. På trass av finanskrisa er laksen svært populær mat hos spanjolane.

Les artiklar på iLaks:

Besøk fra Iberia

Spansk stjernekoØyvind Blomkk tryllet i Øygarden

Les og:

Gode verksemder slite med eit generelt stempel

For SG: Øyvind Kråkås

Foto: iLaks