Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Gullestad, igjen…

Arealutvalet sin rapport9 månader etter regjeringsskiftet er dei nye makthavarane fortsatt svanger med sine utlova endringar i havbrukspolitikken. Kanskje er det difor dei prøver seg med å hente ein avskriven rapport opp av skuffa?

Tysdag heldt fiskeriministeren ope møte i Bodø, der ho snakka om framtida til norsk lakseproduksjon. Med på rollelista hadde ho tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad, som attende i 2011 leia eit utval som skulle føreslå løysingar på næringa sine arealbehov.

Rapporten som utvalet la fram, inneheldt mykje som ein enkelt kunne seie seg samd i. meir kunnskap, meir målretting av tiltaka for betre miljø. Men først og fremst inneheldt den eit framlegg om ei fullstendig omkalfatring av dagens lokalitetsstruktur; organiseringa av produksjonsområde med inndeling i utsett-sonar.

Produksjonsområdet skulle vere ein stat i staten, ingen fisk skulle gå levande inn eller ut av området. (Merkeleg nok kunne der gjerast unntak for fisk som skulle fileterast, som om fiskesjukdomane sto inne for den politiske viljen til å auke bearbeidingsgraden av fisk i Noreg). Kvart område skulle ha ideelt sett fire utsett-sonar/brakkleggingssonar. Her skulle fisken setjast ut på likt og slaktast ut på likt. Med dette ville ein oppnå felles brakklegging av eit område. At ein samstundes oppnådde ein voldsom topp av biomasse i det same området fram mot utslakting, var ikkje problematisert.

Teorien om koordinert brakklegging er fin, men praksisen er ugrei. Til liks med Harald Heide Steen Jr. sin legendariske u-båt kaptein, ville smittestoff og lus ha vanskar med å sjå desse grensene under vatn. Truleg må heile fjordsystem vere i ei enkelt sone for å få nokon sterk effekt av den koordinerte brakklegginga. Og desto større sonen vart, til meir biomasse ville der jo samle seg i dette området i beste vekstperioden.

For dei mindre aktørane som i dag organiserer drifta i innanfor eit lokalgeografisk område, ville omlegginga til produksjonsområde bety ei total oppsplitting av driftsstruktur. I praksis ser ein dette allereie med soneforskrifta i Hordaland. Aktørar med 2 konsesjonar må drive med lokalitetar i heilt ulike delar av fylket for å få setje ut fisk meir enn ein gong annakvart år. Dette skjønar alle at er lite bedriftsøkonomisk forsvarleg.

Men greitt nok, var ein einige om at dette var det store botemiddelet, so måtte ei vel berre tilpasse seg etter fattige evne? Den logiske og moralske utfordringa er at suksessen har late vente på seg. Kostnadane har vore store, arealbehovet har blitt større, men problema med sjukdom og lus har ikkje teke seg ned i same takten. Til samanlikning har nabofylket Sogn og Fjordane hatt noko nær ei utrydding av PD-sjukdomen, utan at dei har sonedrift.

Når fiskeriministeren no søkjer råd i arealutvalet sin rapport, må ho ha oversett mange av dei attendemeldingane frå då denne var ute på høyring i 2011. Fordelen som ho no sit med, er at ho kan krevje ei evaluering av dei soneforsøka som no er gjort, både i Hordaland og Trøndelag. Hart dei verka i høve til intensjonane, og har dei vore effektive i høve til kostnadane?

I mellomtida vil vi tipse om at variasjonane i tap av fisk mellom lokalitetar i ein og same sone har variert med opp til 500 %. Då kan det vere andre ting enn grenser under vatn som avgjere om fisken din overleve eller ikkje…

Tekst: Øyvind Kråkås