Søk i arkivet

Aktuelt

Riggar for reinsefisk-utstilling

Reinsefisk utstillingLaksens Dag 2014 byr i samarbeid med Byakvariet i Florø på temautstilling om reinsefisk. Fredag kom fisken til akvariet.

Det er dei to lokale verksemdene E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk som leverer fisken til utstillinga. Rensefisk er eit samlenemning på fleire ulike artar som plukkar lakselus av oppdrettslaks. Bergnebb, grønngylt, berggylt og rognkjeks er alle effektive avlusarar, og dei nyttast i dag som eit miljøvenleg og bærekraftig reiskap mot lakselus.

– I år ønskjer vi også å gjere Laksens Dag til bornas dag. Salmon Group går inn og sponsar byakvariet under arrangementet slik at alle, både foreldre og born, får gratis inngang. Her inne vert det ei rekke aktivitetar som Monicha Landøy i Florafauna står for. I tillegg vil vi ha informasjonstavler om rensefisk og lakseoppdrett, slik at dei som er interessert kan lære litt om kva desse fiskane gjer, seier Solveig Willis til avisa Firdaposten.

E. Karstensen Fiskeoppdrett var mellom dei første i landet til å ta i bruk reinsefisk. -Far min oppdaga på 70-talet at reinsefisken åt lus, sidan har vi nytta den i drifta, seier Nils Tore Karstensen til avisa.

Les artikkel i Firdaposten

For SG: Øyvind Kråkås