Søk i arkivet

Pål Anders Ullevålseter til generalforsamlinga

Pål Anders UllevålseterSalmon Group er ein av støttespelarane til rallykøyrar Pål Anders Ullevålseter, og under generalforsamlinga torsdag er han ein av føredragshaldarane.

Pål Anders Ullevålseter er kjend for dei fleste nordmenn gjennom deltakinga i det prestisjetunge Rally Dakar. Han har delteke i løpet 12 gongar, med ein sensasjonell 2. plass i 2010 som beste resultat.

-Pål Anders er ein gründer, han har bygd opp seg sjølv som utøvar frå grunnen av, og held i drift eit team som han trenge for å vere toppidrettsutøvar. Måten han jobbar på er profesjonell, og han leverar resultat under svært krevjande forhold. Dette relaterer vi til våre verksemder; vi er utfordrarane i oppdrettsnæringa, men vi leverer resultat i form av god kvalitet og god økonomi, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group.

Nettverket held årssamling på Solstrand Hotel og Bad torsdag og fredag førstkomande.