Søk i arkivet

Aktuelt

Open dag på Steinvik Fiskefarm

Steinvik VisningssenterDå er tida inne for open dag att på Steinvik Fiskefarm Visningssenter! I år vert det på LAURDAG 24. MAI KL. 11-17.

I fjor hadde vi nesten 450 besøkande på open dag – heilt fantastisk ! Kan vi greia NY REKORD i år ? Mange folk har etterspurt arrangementet i år også, og mange vil koma att etter suksessen i fjor. Dei seier det er eitt av dei beste familiearrangementa dei har vore på!

KOM, SJÅ OG OPPLEV : fisken i mærane, oppdrettsutstillinga, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret), veteranbilar og amcar-bilar, båt-turar, Røde Kors, Svanøy Røykeri-stand, spørjekonkurranse, trekking av premiar, grilla laks m.m. Og det ventar ei anna SPENNANDE OVERRASKING i år også!

Og sjølvsagt GRATIS INNGANG FOR ALLE ! Sjå elles annonser, plakatar og påminningar på nett når det nærmar seg.

Tekst: Anne Karin Vassbotten, Steinvik Fiskefarm