Søk i arkivet

Klart for vårens viktigaste eventyr

BrüsselI dag startar European Seafood Expo i Europahovudstaden Brüssel.

Messa er ei massemønstring av sjømatverksemder og leverandørindustri frå heile verda. Den norske paviljongen er dominert av eksortverksemder, men og fiskeriselskap, Innovasjon Norge, Sjømatrådet og Nordland fylkeskommune er mellom utstillerane.

Fram til torsdag vil nye kontaktar bli knytte og eksisterande relasjonar vil bli konsoliderte. Messa er ei gigantisk utstilling av alle typar sjømat, men og ein av dei viktigaste møteplassane for norske aktørar. Alle ledd i verdikjeda er representerte desse dagane.

Tekst: Øyvind Kråkås