Søk i arkivet

Full siger for Osland på Fosshaugane

IMG_0503Osland Havbruk har innleia eit samarbeid med Sogndal Fotball. Tysdag kveld vitja tilsette ved Osland og deira familiar Fosshaugane Campus for å sjå kampen mot Brann.

Ungar og vaksne storkosa seg i sola i fruktbygda, og spelet til heimelaget varma til dei grader. Og medan heimelaget rulla opp det eine prektangrepet etter det andre, lyste teksten “Osland Havbruk- fiskeoppdrett i Sognefjorden” opp på langsida.

Fosshaugane Campus er eit senter for idrett, utdanning, næringsliv og forsking, bygd opp rundt Sogndal IL si gamle heimebane. Sjølve fotballarenaen er utvikla til eit topp moderne idrettspanorama, og ligg som eit hjarte for alle tilboda på Campus.

Fotballaget Sogndal har bygd opp si satsing gjennom tilbodet om vidaregåande idrettsutdanning og Høgskulen i Sogn og Fjordane sine tilbod i bygda. Unge talent kjem frå heile fylket for å kjempe om ein plass på eliteserielaget.

For alle som er interesserte i bygdeutvikling er Campus-satsinga ei openberring. Innanfor fem minutts gange ligg eit enormt spekter av tilbod, og det heile er gjort i ei funksjonell og tiltalande ramme. Opne dører og inkludering av heile bygda er eit grunnleggande prinsipp.

Delegasjonen frå Osland Havbruk åt middag på Campus før kampen, med utsikt ned på bana. Tre rettar av laks sto på menyen; steikt, røykt og grava. Det vart og høve til å kjenne på kunstgraset før alvoret inntok arenaen.

SogndalEtter at dommaren blæs i gang kampen om Vestlandet, var det fullt trøkk i 90 minutt. Sogndal gjekk raskt opp til 1-0 ved Mahatma Oto’o, og Petter Strand la på til 2-0 like før pause. Rett etter kvilen reduserte Jakob Orlov til 2-1, og andre omgang vart ein kanonade av sjansar. Men Sogndal sin sisteskanse, Mathias Dyngeland, heldt unna på meisterleg vis.

Med dette har Sogndal sju poeng på dei siste tre kampane, og ligg på ein 11. plass i eliteserien. Vi dristar oss til å slå fast at laksen har vore med og løfta laget. Stao no pao!

Tekst: Øyvind Kråkås