Søk i arkivet

Aktuelt

Ferrari bidrar til Ecomerden

M/S "BOURBON JADE" - Yard no. 193 by: AKER LANGSTEN  AS - AKER YKonseptet Ecomerden er utvikla i samarbeid mellom Sulefisk AS og Jan Erik Kyrkjebø. No er den første modellen under arbeid.

– Vi er i sluttfasen av fullskala produksjon av pilotmerden. Modulane til flyte-kragen blir produsert på Fillipinane og den tette og fleksible veggen er utvikla i samarbeid med dukleverandøren Serge Ferrari i Frankrike, fortel Jan Erik Kyrkjebø til Kyst.no.

Ecomerd-løysinga er patentert og kan redusere problema med lus og røming. Kyrkjebø meiner sjølv at det er fleire løysingsdetaljar som gir Ecomerden fortrinsmessige eigenskapar, blant anna styrken og ergonomien.

– Flytekragen gjere Ecomerden sikker å jobbe på, og at den er modulbasert gjere at merden kan tilpassast den enkeltes ønskjer, og då gir mogelegheiter for fleire forskjellige storleikar, seier han.

Les artikkel på Kyst.no