Søk i arkivet

Aktuelt

Bredt kystengasjement mot fjorddeponi

220px-Førdefjorden[1]Sjømatnæringa er ikkje overtydde om at deponering av overskotsmassar frå gruvedrift bør skje i norske fjordar. No går ei samla næring på Vestlandet ut mot deponering i Førdefjorden.

Slik lyde oppropet som næringa no har sendt til politikarar og presse:

Nei til fjorddeponi – ja til reint hav !

Deponering av slam frå gruvedrift i fjorder er brudd på anerkjente norske “føre var” prinsipp, er lite akseptert i internasjonal samanheng, og er bruk av gårsdagens teknologi i eit land som vil satse på reint miljø og bærekraftige løysingar der m.a. dyrking av havet skal vere morgendagens satsingsområde etter olja.

I norske fjorder slit vi framleis med gamle miljøsynder frå industriutslepp, og må ikkje tillate at nye område no vert negativt påverka med nedslamming av frisk reint sjøvatn og utrydding av botndyrsamfunn. Direktoratet for Naturforvaltning skriv i si høyringsuttale m.a. at “Førdefjorden har i dag reine botnsediment, ei rik botnfauna, koraller, svamper, viktige gytefelt og oppvekstområde for kysttorsk, gyteområde for kveite, breiflabb og sild, truga djupvassfisk og tilhøyrande vassdrag med elvemusling og kritisk truga ål. I deponiområdet vil tiltaket ha betydelege negative konsekvenser for ei rekke av disse artane og naturtypane”.

Ein NINA‐rapport peiker på mangelfull kunnskap og betydeleg usikkerheit omkring kva slag påvirknad fjorddeponiet kan ha for laks og dessutan at slik kunnskap er totalt fråverande for sjøørreten sitt vedkomande. Nettopp sjøørreten er ein av dei artane i fjorden som vil vere mest sårbar for suspenderte partiklar i sjøen, men det er også uvisst korleis laksen vil takle dette.

Planane gjeld uttak og prosessering av eklogitt‐malm med rutil (titanoksid) i Engebøfjellet, med eit kontinuerleg utslepp i sjøområdet utanfor av ca 264 tonn gruveslam og flokkuleringsmiddel pr døgn i ein 50‐års periode. Det er berekna at drifta totalt vil medføre eit utslepp på 250 millioner tonn gruveavgangsmasser, og vil danne eit 150 m høgt berg av livlaust slam på fjordbotnen, fordelt utover eit samanhengande areal på minimum 4,4 km2 – dvs. eit areal tilsvarende 62 fotballbaner (internasjonale mål), som vil utgjere om lag 5 % av det totale arealet av Førdefjorden.

Erfaring med store steinbrot andre stader i fylket (t.d. Seljestokken og Dyrstad) syner at det vil oppstå hendingar utover det som var planlagt og godkjend på førehand, t.d. nedbørsperioder med avrenning direkte frå land (drensvatn, prosessvatn, sigevatn) dvs. i overflatevassmassane, med dei fylgjer dette vil få. Havforskningsinstituttet syner til Oslofjorden då giftige sediment blei mudra og flytta frå Bjørvika til lenger ut i fjorden. Ingen giftstoff skulle sleppe ut, men det skjedde likevel. Også ei rekke andre forutsetnader for avgjerda om å satse på deponi haldt ikkje mål i Oslofjorden.

Små partiklar i nano‐området har eit betydeleg høgare relativt nivå av tungmetaller enn større partiklar. Utslepp av suspendert finpartikulært materiale, m.a. nanopartiklar med titanoksid , har stor rekkevidde ved sterk straum og uvėr. Betre måleinstrumenter og berekningsmodellar, syner at også djupe vassmassar i fjordane er meir dynamiske enn tidlegare antatt. Eksempel på lekkasje frå sjødeponi er dokumentert av Havforskningsinstituttet i Repparfjorden i Finnmark, der drift av partiklar er påvist eit godt stykke utover i kystøkosystemet frå deponiområdet.

I Førdefjorden vil utsleppet føregå ved innlaupet til ein nasjonal laksefjord, der elvane Nausta og Jølstra har bærekraftige og lokalt viktige bestandar av laks og sjøaure. I kommunedelplan i Naustdal heiter det at ein der “skal etablere verdas beste villaksforvaltning” noko som blir meiningslaust om fjorddeponi planane blir realisert, særleg når ein samstundes veit at Nausta er eit verna, nasjonalt laksevassdrag.

I utsleppsområdet er det også fleire lokaliteter med oppdrett av laks som kjem i risikosona, og som må leggje ned drifta på minimum ein av sine lokalitetar. I nærområdet her vil dei vil få problem med å finne alternative lokalitetar. For å setje saka i perspektiv og synleggjere eit paradoks i den norske miljøforvaltninga, må det nemnast at blir det stilt krav til oppdrettsnæringa om å utføre jamnlege granskingar av miljøtilstanden på lokalitetane (MOM B og C).

MOM B granskingane syner at 88 % av lokalitetane ligg i dei to beste kategoriane (1 og 2), og tilsvarande tal for

MOM C granskingane er 94 %. Det skal m.a. dokumenterast at drifta er slik at botndyr kan leve her. Samstundes vil altså den omsøkte fjorddeponeringa utrydde store delar av botnøkostystemet i ein nasjonal laksefjord innafor eit areal på minimum 4,4 km2, eit område som vil bli uproduktivt i om lag 50 år. Internasjonale marked for matvarer er særs følsomme for miljømessige problemstillinger. Norsk oppdrettslaks blir marknadsført som ein kvalitetsvare produsert i reint sjøvatn langs vår flotte kyst og i våre vakre fjordar.

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane er ei viktig næring. Ei fersk gransking utført av Høgskulen i Sogn og Fjordane syner ei omsetnad i 2013 på om lag 1,5 milliardar kr, at 290 personar er direkte ansatt, og om lag 450 personar er ansatt i ulike tilknytta næringar. Også turistnæringa nyttar dei naturgitte fortrinna våre i marknadsføring av kysten og våre fjordar. Ei slik massiv forureining med mangeårig kontinuerleg fjorddeponering av gruveavgangsmassar er ikkje foreinleg med miljøvenleg gruvedrift, bryt med intensjonane i m.a. Vassdirektivet og Naturmangfaldslova, samstundes som Norge sitt rennomé og truverd som ansvarleg miljønasjon står på spel.

Vi ber regjeringa sei ja til reint hav og nei til fjorddeponi.

 

Florø, den 08.05.2014

Jan Arne Holm miljøansvarleg, Fishguard AS

 

Oppropet er støtta av:

• Askvoll Fiskarlag

• Bravo Seafood (Florø): eksporterte laks for 680 mill. kr i 2013

• Coast Seafood (Måløy): eksporterte laks for 2,8 mrd. kr i 2013

• Ewos (Florø): produserte fôr til ein verdi av 3 mrd. kr i 2013

• Firda Sjøfarmer (Florø/Gulen): produserte laks for 580 mill. kr i 2013

• Fishguard: omsatte fiskehelse, miljø og analysetenester for 25 mill. kr i 2013

• Marine Harvest Norway: disponerer 17 lokalitetar i Sogn og Fjordane

• Norwell (Florø): eksporterte laks for 1,2 mrd. kr i 2013

• Ocea North Sea (Florø): omsatte varer og tenester til oppdrett for 219 mill. kr i 2013

• Salmon Group (45 små/mellomstore fiskeoppdrettare): produserte laks for 4,5 mrd. kr i 2013

Av disse er 14 i Sogn og Fjordane:

Barlindbotn Settefisk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Flokenes Fiskefarm, Gjølanger Settefisk, Hyen Fisk, K.

Strømmen Lakseoppdrett, Landøy Fiskeoppdrett, Marø Fiskefarm, Nordfjord Laks, Osland Havbruk, Sandnes

Fiskeoppdrett, Steinvik Fiskefarm, Svanøy Havbruk, Sulefisk

• Seaborn: eksporterte laks for 2,4 mrd. kr i 2013

• Skaar‐Norway (Florø): eksporterte laks for 300 mill. kr i 2013

• Slakteriet (Brekke): slakta oppdrettsfisk til ein verdi av 50 mill. kr i 2013

• Slakteriet (Florø): slakta oppdrettsfisk til ein verdi av 100 mill. kr i 2013

• Sub Aquatech (Askvoll): omsatte miljøtjenester for 2,5 mill. kr i 2013

• Sunnfjord Dykkerservice (Florø): omsatte dykkertjenester for 12 mill. kr i 2013

• Stiftinga Norsk Villaksforvaltning

• Visit Fjordkysten (Bremanger‐Gulen): omsatte reiselivstenester for 3,5 mill. kr i 2013