Søk i arkivet

Aktuelt

Årets Gladlaks: Laksenæringa set pris på trivselstiltak i ditt nærmiljø

Pengane flygPrisen «Årets Gladlaks» skal delast ut på Laksens Dag i Florø 21. juni. Prisen er på 10.000 kroner, og skal gå til eit frivilleg tiltak som skaper trivsel i nærmiljøet ditt i Sogn og Fjordane.

Uansett kvar du kjem frå, kan du føreslå eit tiltak som du meiner er prisverdig. Ein jury leia av Fylkesordførar Åshild Kjeldsnes vil avgjere kva for eitt av dei føreslegne tiltaka som motteke prispengane.

Du kan føreslå tiltak til oyvind@salmongroup.no eller på Laksens Dag si facebookside.

Bli med og føreslå tiltak som er prisverdige der du bur!

Fristen for å føreslå er 14. juni 2014