Søk i arkivet

Tar fart med Pål Anders

Pål Anders UllevålseterVi har gleda av å annonsere at Salmon Group har innleia samarbeid med motorsport-utøvaren Pål Anders Ullevålseter.

–Vi ynskjer å jobbe ilag med Pål Anders fordi han er ein drivande flink fyr, og fordi han som oss er ein liten aktør i hard konkurranse, seier informasjonsansvarleg i Salmon Group Øyvind Kråkås.

 

Pål Anders UllevålsPål Anders Ullevålseter 2eter er kjend for dei fleste nordmenn gjennom deltakinga i det prestisjetunge Rally Dakar. Han har delteke i løpet 12 gongar, med ein sensasjonell 2. plass i 2010 som beste resultat.

Han har og markert seg i motocross og enduro, der han no jobbar med å få på plass eit landslag i Noreg. Mange har og fylgt med han i fjernsynsprogramma «Skal vi danse» og «Isdans».

 

 

 

Pål Anders oppsummerer sine forventningar til samarbeidet på fylgjande måte:

-Jeg er stolt av å kunne samarbeide med Salmon Group som er et utrolig seriøst firma som tør å tenke nytt. Jeg gleder meg til å komme i gang for fullt og møte alle de involverte og formidle alle mine opplevelser og erfaringer fra alle mine eventyr. Så blir det spennende å lære om hvordan Salmon Group har greid å bygge seg Pål Anders Ullevålseteropp sten for sten til å bli et av Norges beste og største på sitt felt. Jeg gleder meg til å inspirere og bli inspirert gjennom samarbeidet.

Salmon Group sponsar frå før idrettsutøvarar gjennom vektløftarmiljøet i Dale i Sunnfjord. Desse har vore med og skapt ei heilskapleg ramme rundt nettverket sine aktivitetar. Ein er trygg på at ein skal kunne gjere det same ilag med den profilerte motorsport-utøvaren:

-Pål Anders er ein gründer, han har bygd opp seg sjølv som utøvar frå grunnen av, og held i drift eit team som han trenge for å vere toppidrettsutøvar. Måten han jobbar på er profesjonell, og han leverar resultat under svært krevjande forhold. Dette relaterer vi til våre verksemder; vi er utfordrarane i oppdrettsnæringa, men vi leverer resultat i form av god kvalitet og god økonomi, seier Øyvind Kråkås.

I tillegg til eksponering av merkenamnet Salmon Group, vil Pål Anders Ullevålseter delta på ein del arrangement saman med nettverket.

-Vi er glade for å kunne syne fram det Pål Anders drive med for folk som vi møter. Han er ein solid arbeidskar som vågar å satse for å klare det umoglege. Det er til inspirasjon for oss, og vi meiner det vil vere til inspirasjon for mange.

Sjå Pål Anders si heimeside