Søk i arkivet

Stor interesse for ny teknologi

CanadaKonferansen for ny havbruksteknologi i Florø i forrige veke, fekk synt fram ei stor breidde av prosjekt. Nokre har mykje praktisk erfaring å vise til, andre er på teiknebrettet.

Stortingspolitikarar, oppfinnarar, miljøvernarar, oppdrettarar og bankfolk. Alle hadde dei sitt å seie under den to dagar lange konferansen i Flora Samfunnshus. Interessa er stor for kva nye typar oppdrettsteknologi kan by på av mogelegheiter.

Samstundes vart der og påpeika ein del utfordringar, det vere seg alt frå avgrensingar i dagens regelverk til økonomiske ekstrakostnader med nye driftsformer. Også på bilogisida er der viktige element som må avklarast, og tettleiken på biomassen i anlegga vil vere avgjerande for økjonomien i prosjekta som vGunnar Stavøstrandart presenterte.

Gunnar Stavøstrand (biletet) var ein av arrangørane gjennom sitt selskap FLO Marine. Selskapet har patentert teknologi for lukka, flytande anlegg, og vonar å få konsesjon til å prøve det ut i stor skala.

Andre arrangørar var Fram Flora og Sparebanken Vest. Solveig Willis frå Salmon Group var ein framifrå ordstyrar gjennom dei to dagane.

Sjå video frå konferansen

Les artikkel i Firdaposten

Tekst: Øyvind Kråkås