Søk i arkivet

SalmoNor AS ny medeigar i Salmon Group

SalmoNorSalmon Group har gleda av å presentere SalmoNor AS som ny medeigar i nettverket. SalmoNor AS drive oppdrett av laks i Ytre Namdal. Selskapet har sju matfiskkonsesjonar, ein visningskonsesjon og eige setjefiskanlegg.

Administrasjonen ligg på Rørvik i Vikna kommune. Selskapet har i dag 25 tilsette, som årleg produserer 14.000 tonn laks og 2,5 millionar smolt. Dagleg leiar i selskapet er Vibecke Bondø.

SalmoNor AS har eksistert sidan 2010, då selskapa Vikna Sjøfarm AS og Lund Fiskeoppdrett AS fusjonerte. Desse to selskapa si historie går attende til 1972 og 1986. Selskapet har i dag interesser i slakteri- og salsleddet gjennom eigarskap i Nils Williksen AS, og leppefiskoppdrett gjennom Nordland Leppefisk AS.

-SalmoNor er eit selskap som passar godt inn i vårt nettverk, og vi er glade for å få eit brufeste i denne regionen. Dette gir oss auka forretningsmessig tyngde, og ein breiare representasjon organisasjonsmessig, forvaltningsmessig og politisk, seier dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland.

Med SalmoNor med på laget rommar no Salmon Group 111 konsesjonar for oppdrett av matfisk, og produksjonskapasitet på 50 millionar smolt. Med dette er ein landets tredje største havbruksaktør.

Tekst: Øyvind Kråkås