Søk i arkivet

Salmon Group-løftar tredje best

Vemund Holstad1Med 70 kg i rykk og 91 kg i støt vart Vemund Holstad tredje best i klasse 69 kg under NM for ungdom på Sandane i helga.

Vektløftaren representerar Dale IL, som er sponsa av Salmon Group. Koplinga til næringa er tett, han er son av Svein Åge Holstad, dagleg leiar på Gjølanger Settefisk og styremedlem i Salmon Group.

Både Vemund og broren Stein Inge er ivrige i satsinga til vektløftarmiljøet i Dale, og ekstra kjekt er det at begge jobbar innforbi oppdrettsnæringa. Stein Inge jobbar fast ved Gjølanger Settefisk, medan Vemund er under utdanning i Måløy, og i praksis på Gjølanger to dagar i veka.

Vemund HolstadUnder Laksens Dag 2013 var dei to med og synte fram idretten sin for publikum i Strandata.

Tekst: Øyvind Kråkås