Søk i arkivet

Osland investerer i Østerbø Maskin

ØsterbøErik Osland, styreleiar i Salmon Group og eigar av Osland Havbruk, går inn på eigarsida i den mekaniske verksemda Østerbø Maskin AS i Høyanger.

I ei pressemelding frå verksemda heiter det:

Østerbø Maskin AS har i 37 år vore leverandør av kvalitet og innovasjon. Det er difor heilt naturleg at slagordet vårt er: «Litande løysing». Litande løysingar skal me også levere i framtida. Difor vedtok styret i vinter å starta ein prosess for å finne strategiske samarbeidspartnarar og investorar som kan vere med å utvikle selskapet vidare.

Nye eigarar

Første fase av prosessplanen vår er no på plass, og me er stolte av å kunne medele at Fjord Invest SørVest AS, Fjord Invest Såkorn AS og Osland Aktivum AS har takka ja til å vera med å utvikle selskapet vidare som aktive eigarar i Østerbø Maskin AS.

Solid plattform

Saman med nye eigarar ynskjer vi no å byggje vidare på plattforma skapt gjennom fleire tiår. Me kjem i tida framover til å arbeide med interne prosesser som vil gjere oss rusta til å satse kontrollert vidare mot spennande marknader som olje- og gassindustrien, oppdrettsnæringa, det offentlege og industrien. Selskapet leverer i dag produkt og tenester innan elektro, mekanisk, sakkyndig verksemd og innehar fleire gode agentur på relevante produkt til marknadane definert over.

Store ordrereservar

Østerbø Maskin AS har i sine 37 år bygd opp eit godt namn og ei betydeleg kundeportefølje. Me har i skrivande stund den største ordrereserven nokon gong. Lang erfaring og høg kompetanse på strømaggregat har resultert i at me no tek på oss store installasjonar på dette feltet. Oppbygging av portefølje på sveiseprosedyrar og ulike sertifikat gjer selskapet i stand til å utføre eit spekter av jobbar som møter krava frå oljenæringa.             

Lokalisering

Lokaliseringa til bedrifta blir som før på Østerbø og i Gulen Industrihamn. I Gulen Industrihamn er vi i same bygg som dotterselskapet vårt, OM Marine Service AS.  

For SG: Øyvind Kråkås

Foto: Geir Ivar Ramsli