Søk i arkivet

Marint Vekstforum fronta innovasjonsplattform

Ocean InnovationMarint Vekstforum, Maritim Forening og Fram Flora var vertskap når Ocean Innovation Community vart presentert for næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane.

Introduksjonen vart helden i høve teknologikonferansen i Florø torsdag, og Siri Kalvatn frå selskapet Uptime var tilstades og presenterte Ocean Innovation Community saman med Roy Sævik frå Marint Vekstforum.

Ocean Innovation Community er ei nettbasert plattform for sokalla open innovasjon. Konkret vil det seie at ein kan lansere praktiske og teknologiske utfordringar i industrien, og få attendemeldingar frå andre som meiner å ha nyttig kunnskap eller innovative idear.

Næringslivsfolk, Innovasjon Norge og Forskningsrådet var tilstades på møtet. Mange hadde erafringar med ulike innovasjonsprosessar, og nytten av å vere open for innspel.

Prøv Ocean Innovation Community, det er gratis!

Tekst: Øyvind Kråkås