Søk i arkivet

«Her bommar Mattilsynet på målet»

ErikStyreleiar i Salmon Group, Erik Osland, reagerer på at Mattilsynet har kome med innspel om stogga vekst i havbruksnæringa til verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane. –Her ser ikkje Mattilsynet framfor sine eigne skotuppar. Denne planen skal vere ein strategi for fleire tiår framover, og vi kan ikkje ha som strategi å mislukkast, seier Osland.

–Før vekst i sjømatnæringa kan vere forsvarleg er det behov for auka kunnskap om korleis naturlege forhold og ulike måtar å drive fiskeoppdrett på påverkar problem som lus, sjukdom og svinn, skriv Mattilsynet i si uttale. Osland erkjenner at dette er utfordringar ein må jobbe med heile vegen, men at ein likevel ikkje må sleppe målet om at næringa skal utvikle seg gjennom ein jamn vekst.

-Anten ein driv fiskeoppdrett, byplanlegging eller andre former for samfunnsutvikling, så er det på det reine at ein ikkje kan stogge veksten og utviklinga for å løyse utfordringane. Utfordringane må løysast til liks med drifta. Når vi skal leggje ein plan for mange år framover, må vi legge til grunn at vi vil løyse nokre problem, og at vi samstundes må ta hand om andre som kjem til. Dette ser vi gjennom heile historia, og det kan ikkje vere annleis, seier Osland. Han minnar om at for ti år sidan fekk ein problem med PD i Sogn. I dag er produksjonen dobla, medan PD-problema er nøytraliserte.

Oppdrettaren frå Bjordal vil og minne om at Mattilsynet har ei rekke verkemiddel som dei kan nytte seg av undervegs, dersom dei ikkje er nøgde med utviklinga.

-Mattilsynet har fått gjennomført svært krevjande og kostbare soneforskrifter i Hordaland. Dei har fått innført låge lusegrenser gjennom heile året, til trass for at vi varskua mot resistensfaren og andre problem med eit auka behandlingstrykk. Når dei no påpeikar det prekære i situasjonen, er det på sin plass at dei tek ein kritisk gjennomgang av korleis tiltaka verkar inn på det totale biletet av bærekrafta. Det er eit ansvar Mattilsynet har.

Ei eiga gruppe har jobba med innspel til verdiskapingsplanen på vegne av sjømatnæringa i fylket. Mattilsynet var representerte der. Gruppa la fram ein felles rapport som ligg til grunn for verdiskapingsplanen som no er ute på høyring.

Salmon Group meiner at havbruk er ei av næringane som kan bidra til vekst i verdiskapinga og folketalet i Sogn og Fjordane i åra som kjem, og at produksjon av laks inngår som ein viktig del av fylket sitt potensiale som matprodusent.

Tekst: Øyvind Kråkås