Søk i arkivet

Grøne løyve: Vedtak i gruppe C kjem i juni

FirkløverFaggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 2013 følgjer oppsett plan. Vedtak om tilsegn og avslag i gruppe B er ferdigstilt. Gruppe C vil bli ferdig i juni.

Faggruppa for tildeling av grøne løyve har tidlegare gjort kjent at vedtak om tilsegn og avslag i gruppe B i samsvar med utfallet av boda, som vart kunngjort 28.mars, ville bli sendt ut innan utgangen av april.

Dei 70 vedtaka i gruppe B er ferdigstilt og vert no sendt søkjarane, melder Fiskeridirektoratet.

Det er klagefrist på vedtaka. Endeleg tilsegn i gruppe B vil ikkje ligge føre før eventuelle klager er ferdig handsama i forvaltninga.

Faggruppa held fram med vurderinga i gruppe C. Handsaminga av søknadene og vedtak i denne gruppa vil bli ferdig innan utgangen av juni.