Søk i arkivet

Amerikansk heider til Salmon Group oppdrettarar

Kvarøy FiskeoppdrettI høve Whole Foods Market si årlege prisutdeling til sine leverandørar, har dei valt å setje pris på Selsøyvik Havbruk og Kvarøy Fiskeoppdrett.

Dei to oppdrettarane på Helgeland har levert 3.500 tonn til den amerikanske supermarknadskjeda det siste året. Kjeda har spesialisert seg på organisk mat, og stiller strenge krav til sine leverandørar.

Whole Foods Market har 60.000 ulike leverandørar av produkt til sine butikkar. Kvart år har dei en galla der dei deler ut prisar til 20 av dei beste leverandørane i ulike kategoriar, skrive Selsøyvik Havbruk og Kvarøy Fiskeoppdrett i ei pressemelding.

– For Selsøyvik og Kvarøy er det å få annerkjenning for laksen vi har levert det siste året fantastisk og ei stor ære. Prisen har vi fått for vår jobb med standarden som er særeigen for Whole Foods og kvaliteten på laksen vi har levert. Samarbeidet med Whole Foods Market og Blue Circle Foods har hittil vore fantastisk, vi har levert 3.500 tonn laks direkte til butikkane i perioden. For oss som oppdretterar å ha den direkte kontakten med marknaden og kundane er ein berikelse, kommenterer selskapa.

Les sak på iLaks

For SG: Øyvind Kråkås