Søk i arkivet

Statsråd besøkte Integrert Akvakultur

Vidar HelgesenSola flamma trolsk gjennom morgondisen då statsråd Vidar Helgesen starta vitjinga i Nesefjorden i Solund. Her vitja han Solund Verft AS og Sulefisk AS, der samarbeidsprosjektet Integrert Akvakultur sto i fokus.

Helgesen har ansvar for EU- og EØS-spørsmål i regjeringa, og diskjusjonane gjekk om internasjonal utveksling både av arbeidskraft og kunnskap. Hollandske Hortimare, prosjektpartner i tareprosjektet Integrert Akvakultur, har bygd mykje kunnskap gjennom EU-finansierte prosjekt.

Statsråden reiste i fylgje med medlemmar av staben sin, ordførar i Solund Ole Gunnar Krakhellen, fleire Høgre-politikarar frå fylket, samt journalistar og fotografar. Med båten Sulefisk og skipper Eivind Espeland vart fylgjet teke med til tarefeltet ved Fureholmen, der vårsola då hadde brote gjenom for fullt. Noko betre bilete av Vestlandskysten kunne dei knapt fått.

Statsråden uttrykte stor interesse for havbruksnæringa og satsinga på integrert taredyrking. Han tok og ein smaksprøve av sjøfersk tare, noko han skildra som “velsmakande”.

Tekst: Øyvind Kråkås