Søk i arkivet

YoungFish tok av på fyrste forsøk

YoungFish1Onsdag gjekk startskotet for ungdomsnettverket YoungFish. Både oppmøtet og stemninga talar for at det var byrjinga på ei gjevande satsing.

Initiativtakarane Jonas Langeteig og Erlend Vassbotten var svært nøgde med deltakinga under den fyrste, ganske uformelle samlinga. Dei to unge Lerøy-tilsette har jobba systematisk og offensivt med å få nettverket på beina.

Medan opninga var uformell, med shuffleboard-turnering og pubsosialisering, står der no fleire arrangement av meir fagleg karakter for tur. Følg med på YoungFish sine facebooksider og på salmongroup.no for å halde deg oppdatert om samlingane framover.

Tekst: Øyvind Kråkås