Søk i arkivet

To prisar til Eide

Eide FjordbrukUnder EWOS si kåring av dei beste vestnorske produsentane av laks og aure, stakk Eide sine selskap av med to av fire prisar.

Prisane vart delte ut under Solstrandmøtet sist fredag, og baserar seg på produksjonsdata for utslakta fisk.

Her er vinnarane i dei ulike klassane:

Fyllingsnesfisk AS (Lokalitet Ospeneset):

Framifrå produksjon Laks haust 11G

Sjøtroll Havbruk AS (Lokalitet Storevikholmen)

Framifrå produksjon Aure haust 11G

Eide Fjordbruk AS (Lokalitet Hågardsneset)

Framifrå produksjon Laks vår 12G

Sjøtroll Havbruk AS (Lokalitet Angelskår)

Framifrå produksjon Aure vår 12G