Søk i arkivet

Råvaretur til Peru og Brasil

Rio De JaneiroSalmon Group er opptekne av å skape gode møteplassar for aksjonærar, tilsette og leverandørar. Frå 7.-17. februar reiser med difor på tur til Sør-Amerika for å sjå nærare på råvaretilgangen til fiskefôr.

Det er leverandørane BioMar, AquaGen og VESO som arrangerar reisa saman med Salmon Group. 30 delegatar tek ut på ferda, som mellom anna skal gjeste Lima, Cusco og Rio De Janeiro.

Fiskemjøl og soyaprotein er viktige råvarer i fôret, og gruppa vil vitje både fiskarar og produsentar av desse varene. I tillegg vil ein ta turen innom aureoppdrett i Peru. Også Norges Sjømatråd vil bidra med faglege innslag undervegs, i tillegg til føredrag frå dei deltakande verksemdene.

Tekst: Øyvind Kråkås