Søk i arkivet

Peru; ressursar, forskjellar og moglegheiter

IMG_2758Kontrastane i Peru er slåande. Geografisk spenne landskapet frå høgfjell til kyst og ørken. Økonomisk ligge luksuseigedomar vegg i vegg med bustader av murstein og bølgeblekk. Meteorologisk er det enten tørke eller regntid. Men landet er rikt på ressursar, og har eit enormt potensiale for matproduksjon.

Like opp i 3400 meter høgde ved inkahovudstaden Cusco er landskapet grønt og frodig. Her vekse det meste som ein kan kome på å dyrke. Peru er opphavslandet til den norske sikringskosten, poteta. Og om ikkje ein kan skilte med den norske silda i tillegg, so er havet rikt på både den oljerike anchovetaen, og fleire artar av makrell.

IMG_2779Dette landet har vore heim for tidlege sivilisasjonar som vi knapt kan forstå rekkevidda av. Høgt oppe i fjella tronar restane av busetnaden ein i dag kallar Machu Picchu, eit av verdas sju underverk. Som eit eventyrland stig det fram i skodda, ragande over høge stup, omkransa av spisse toppar. Mykje er nok tapt i tida, og overlate til gåter og mytespinning. Men att står framleis handverk i stein som ingen i dag er i stand til å kopiere. Framleis beitar ein og annan lama og alpakka i området, dyra som har beherska dette landskapet saman med menneska.

Ull frå alpaIMG_2788kka er attraktiv vare, og ein viktig artikkel i Peru. Ekte alpakkaprodukt er kostbare, men med suverene eigenskapar. Også kjøtet går unna, til liks med nasjonalretten marsvin. Men mest av alt ete peruanarane kylling. Store kyllingfarmar dukkar fram i ørkenlandskapet på veg til kystbyen Paracas. Sjølv om Peru er eit land rikt på fiskeressursar, er ikkje konsumet av fisk spesielt høgt. Avgrensa tilgang på kjøling, gjere at mykje av fiskefangstane taper ferskheit på veg inn frå havet, og foredla produkt blir relativt dyre.

I Den Heilage Dalen oppdrettar dei fisk sjølve, nærare bestemt regnbogeaure. I eit gjennomstraumingsanlegg fôrar dei han opp til kilos storleik, og sel ut til restaurantar og gjester som kjem innom for å handle. Oksar beitar mellom betongdammane, hundar søv i skuggen av førtikilos fôrsekkar. Sortering av fisk skjer med vatn til livet i det ti-tolv grader kalde vatnet frå isbreen oppe i dei steile fjella. Du kan kjøpe med deg fisken heil, eller nyte eit måltid i den enkle restauranten like ved anlegget. Vertikal iIMG_2899ntegrasjon i timeters avstand.

På sildemjølfabrikken i Paracas er det verdsmarknaden som gjeld, deriblant norsk laksenæring. Gjestene frå Noreg er imponerte over den ryddige og reine fabrikken, som rett nok ikkje er i drift for tida. Det er utanom sesongen for anchoveta, no fiskar båtane til TASA makrell utanfor kysten. Den går i sin heilskap til konsum. Etter tider med overfiske er dei peruanske fiskeria no stramt regulerte. Olympisk fiske (fritt fiske mot ein totalkvote) har no blitt erstatta med individuelle kvotar.

Sjølvberging er enno utbreitt i Peru, langs vegane beitar grisar, kyr og høns. Men som elles i verda søkjer mange seg inn til byane. I randsonen av Lima ruvar provisoriske bustader med berre tilgang på felles vasskjelder. Her ventar menneska på løyve til å busetje seg i millionbyen. Murar held dei skilde frå byen og industriområda. På den andre sida av vegen ligg strendene, vakre som i reisekatalogane. Badegjestene hyggjer seg i den trufaste sola.

IMG_2985I Peru, som generelt i Sør-Amerika, har kolonitid, militærstyre, føydalherrar og andre typar motstand mot demokrati helde folket nede og velferda attende. Men forhåpentlegvis er denne nasjonen på veg mot betre levestandard for dei breie laga av folket. Ressurstilgangen er på Peru si side. Vassressursar, landressursar og fiskeriressursar kan gje dette landet alt befolkninga treng. Men det er menneska som må dele ressursane mellom seg.

Tekst: Øyvind Kråkås