Søk i arkivet

Peikar på Myre som satsingsområde

BioMarI fylgje bladet Næringsrapport, peikar Harald Normann på Myre i Vesterålen som eit potensielt satsingssamfunn for fiskeri og havbruk.

Normann er tidlegare redaktør av fagbladet Fisk&Industri&Marked, og har på oppdrag frå Nordland Fylkeskommune laga ei betenkning der han tek til orde for at der bør peikast ut eit samfunn med “tilstrekkeleg og eksisterande infrastruktur, oppegåande bedrifter, industriell kompetanse, dyktige leiarar, variert flåtestruktur og fiskebåtreiarar som både ynskjer å delta i heile verdikjeda og er bevisste på at om ein skal lukkast, må heile verdikjeda styrkjast”. Konklusjonen er at Myre er den beste kandidaten.

Mellom argumenta for å velje Myre, nemner Norman bedrifta Gunnar Klo AS. Dei blir presenterte på fylgjande måte:

“Ei av dei mest tradisjonsrike fiskeindustribedriftene, søkte og fekk laksekonsesjonar, og føretok ombyggjing av foredlingsanlegget. No produserer bedrifta både kvitfisk og laks. Bedrifta på Myre har også mottaksanlegg på Stø, der dei har installert ny teknologi og sløyebenkar for å ta vare på alt av biprodukt. På Stø har og Nofima drive storstilte forsøk med fangstbasert levandelagring” 

Også BioMar sin topp moderne fôrfabrikk vert lista opp som eit viktig argument for Myre, med sin aktivitet og posisjon som kunnskapsleverandør til havbruksnæringa.

Harald Normann sitt forslag er at Nordland Fylkeskommune tek eit direkte og aktivt ansvar for å få til ei ynskt utvikling ved å peike ut eit kystsamfunn som Myre i Vesterålen. Dette for å konsentrere innsatsen med sikte på å skape ein heilskapleg og marknadsorientert sjømatindustri både på kvit og raud fisk, i tett formasjon med Universitetet i Nordland, Nofima, SINTEF m.fl.

Tekst: Øyvind Kråkås