Søk i arkivet

Marint Vekstforum med fokus på utdanning

Marint Vekstforum 2Marint Vekstforum arrangerte i går si andre samling sidan oppstarten, og denne gongen var det rekruttering, utdanning og kompetanseheving som sto på programmet. Ei samansett og engasjert gruppe møtte fram for å ta del.

Havbruksnæringa vil ha bruk for mykje personell og mange ulike typar kompetanse i åra som kjem. Innleiarar frå Fusa Vidaregåande og Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri snakka om tilnærmingar for å få ungdom til å velje ei karriere i havbruket. Tilgang på praksisplassar og lærlingeplassar står sentralt i rekrutteringsarbeidet. Der må føreligge konkrete tilbod til ungdom som skal ut i yrkeslivet. Offshore prosessindustri er i dag mellom vinnarane i rekrutteringskampen, og der er gjort mykje for å fenge ungdomen.

Eit anna viktig emne var kompetanseheving for eksisterande arbeidskraft. Her var Folkeuniversitetet inne og orienterte om ulike løysingar for desentralisert opplæring, det vere seg fagbrev for folk med praksis i næringa, høgskuleutdanning eller språkopplæring for arbeidsinnvandrarar. Marine Harvest sin HR-direktør i region vest, Kathrine Larsen, delte erfaringar dei har frå si verksemd, både på oppdrett og slakterisida. Johnny Kjæmpenes frå NMSH orienterte om arbeidet med å få på plass sertifikatordning og kurs for førarar av arbeidsbåtar.

Salmon Group hadde gleda av å kunne orientere dei frammøtte om YoungFish, det nye nettverket for ungdom som held si første samling i Bergen den 26. februar. Dette er bransjetreff på ungdomen sine eigne premissar, og vil venteleg bli ein viktig miljøskapar både for ungdom som jobbar i næringa, og for dei som ynskjer å ta jobb i næringa. YoungFish er stifta av Erlend Vassbotten og Jonas Langeteig, som begge er tilsette i Lerøy Seafood Group.

Næringssjef Terje Søreide i Høyanger kommune, fortalde om arbeidet som er gjort i kommunen etter konkursen i hjørnesteinsverksemda Fundo. Då felgfabrikken måtte melde oppbod, var det krisestemning og fare for stor fråflytting, men bygda har sakte men sikkert teke seg att. Oppdrettsnæringa er mellom dei som har vakse i åra etterpå, der er no satsing på både laks, torsk og kveite i Høyanger. Å få på plass nye store verksemder er ikkje enkelt, men ei rekke mindre bedrifter har vist evne til å ta unna ledig arbeidskraft. Kommunen satsar og ein god del på heimflytting av lokal ungdom. I dette arbeidet er jobb til både menn og kvinner ein sentral suksessfaktor. Søreide understreka og at ein god bustadpolitikk heng tett saman med rekrutteringsarbeidet.

Både rekruttering og kompetansebygging er kontinuerlege prosessar, ein må vere flinke til å dele verksemda si trong for kompetanse og arbeidskraft både på kort og lengre sikt. Informasjon og kunnskap ut til folket er viktig, men ,minst like viktig er det med opne bedrifter som inviterer interesserte inn til seg, så vel på besøk som til praksisarbeid eller vikarjobbing.

Bli medlem i Marint Vekstforum?

Kronikk: Kvar sviktar rekrutteringa?

Tekst: Øyvind Kråkås