Søk i arkivet

Laksen fører an i sjømateksporten

Harald Engevik på CarrefourEtter to år med nedgang gjorde sjømateksporten eit kraftig hopp oppover, og sette ny rekord i 2013. Noreg eksporterte i fjor sjømat for 61 milliardar kroner. Dette er 17 prosent meir enn året før.

– Den viktigaste forklaringa på eksportrekorden er høg etterspurnad etter norsk laks på verdsmarknaden, noko som har gitt sterke prisar i 2013, seier administrerande direktør Terje E. Martinussen i Norges sjømatråd på rådet sine heimesider.

Gjennomsnittsprisen for fersk, heil laks frå Noreg var 39,74 kroner per kilo. Dette er 44 prosent meir enn året før. Noreg eksporterte laks og ørret for 42,2 milliardar kroner i 2013.

Også torsken går unna. – Eit anna sentralt trekk i rekordåret 2013 er at Noreg aldri har eksportert meir torsk. Særleg har eksporten av fersk og frosen heil torsk auka, seier Martinussen.

Les heile artikkelen hos Norges Sjømatråd

For SG: Øyvind Kråkås