Søk i arkivet

Lakselus forseinkar laksen

Smolt Barlaup Uni Research

Lusefri smolt ved Herdla. Foto Bjørn Barlaup

I ei studie publisert i Biology Letters, utført av Uni Research og HI er eit av funna at laksesmolt som resultat av lus kan forlenga opphaldet i havet.

I studien har dei sett på mengd tilbakevandra laks frå smolt produsert på Voss Klekkeri/merdanlegg Evangervatnet og Dale Klekkeri. Frå begge elvane har ein i perioden 2001 til 2010 samanlikna smoltgrupper behandla med Slice og utan. Frå dei behandla gruppene kom i snitt 36,8% igjen etter ein vinter i sjø, og frå dei ubehandla 29,2% Frå Daleelva er det i denne peioden ikkje forskjell i tilbakevandring. Frå Vosso er det estimert 31,9% fleire daude på dei ubehandla gruppene grunna lus. Det er store forskjellar mellom elvane og dei ulike åra. For årgangen som vandra ut i 2009 kom det klart mest laks igjen, og her er det ikkje forskjell på gruppene.

Desse positive åra, gjev grunnlag for nærare studiar i høve til optimalisering. Dette gjeld lusebehandlinga i oppdrettsanlegga, og andre tilhøve som påverkar smolten si overleving.

Pressemelding frå Uni Miljø

Artikkel i Biology Letters