Søk i arkivet

Konferanse for kunnskap om reinsefisk

RognkjeksReinsefisk har vakse fram frå å vere ein spanande idè til å bli eit mykje nytta verkemiddel i arbeidet mot lakselus på oppdrettsfisk. 3.-4. mars blir det konferanse på Gardermoen, der ein ynskjer å styrkje kunnskapen om reinsefisk.

Det er Norsk Sjømatsenter saman med FHF og FHL som arrangerar konferansen, som ein del av FHF prosjektet «Rensefisk: Aktiv kunnskap fra næring og forskning». På førehand lovar dei det nyaste frå forsking og næring, med utgangspunkt i fylgjande emne:

  •  Status lus
  •  Oppdrett av berggylt
  •  Villfangst av leppefisk
  •  Nytt om rognkjeks
  •  Helse
  •  Bruk av rensefisk i laksemerd

Konferansen føregår på Quality Airport Hotel på Gardermoen.

Les fullt program for konferansen

Påmelding til konferansen

Tekst: Øyvind Kråkås