Søk i arkivet

Brasil; mykje laks, men ikkje frå Noreg

Brasilianarane konsumerer årleg nesten 100 000 tonn laks, og med dette er landet den desidert største lakseimportøren i Sør-Amerika. Chile er totalleverandør til denne marknaden.

Johnny Håberg

-Eg skulle gjerne ha marknadsført norsk laks saman med klippfisk, seier Johnny Håberg, Norges Sjømatråd sin representant i Brasil. Sambafolket er glade i norsk klippfisk, om lag ein tredel av all norskprodusert klippfisk vert send til Brasil. Men den genrelle trenden er likevel at dei et meir kjøt enn fisk. Storfekjøt er ein spesialitet som også Noreg importerar. Men fiskekonsumet er i vekst, og i ein sopass folkerik nasjon slår veksten fort ut i mange tonn. Frå 2010-2011 vaks sjømatkonsumet med 14,5 %, og det utgjere 250.000 tonn. 30 % av fisken vert importert. Kina er største leverandør, etterfulgt av Chile og Vietnam.

BrasilDen første norske klippfisklasta kom til landet i 1842. I 2013 utgjorde denne eksporten 25.700 tonn, med ein verdi på 852 millionar kroner. Klippfisken til Brasil vert laga av torsk, sei, lange og brosme, men møter etter kvart stigande konkurranse frå andre meir eksotiske fiskeslag. Ein merkar og at produkt tilrettelagde for forbrukaren, såkalla convenience, tek større del av marknaden.

Forbruket av klippfisk toppar seg markant ved jul og påske, 60-70 % av konsumet kjem i denne perioden. Sjølv med ei voksande middelklasse, vert både klippfisk og laks rekna som kostbar mat for dei fleste i Brasil. Kylling er oftast berre ein tredel av prisen av klippfisk.

Kampanjen "Norsk laks gjere livet enklare"Chile er totalleverandør av fersk laks til Brasil, og landet er med dette chilenerane sin tredje største kunde, etter Japan og USA. Vel å merke kjøper begge desse meir enn dobbelt so mykje laks som Brasil. Den fremste marknaden for norsk laks, Russland, kjøper og nesten 70.000 tonn chilensk laks.

For Noreg er avstand ein kritisk faktor for kva marknader ein satsar på, og til den brasilianske marknaden vert denne forskjellen for stor målt mot Chile. Også ein toll på 10 % kjem i norsk disfavør. Likevel gler vi oss over at laksekonsumet aukar i dette folkerike landet, slik at alle produsentar får god avsetnad på fisken.

Tekst : Øyvind Kråkås