Søk i arkivet

1631 årsverk innan fisk i Sogn og Fjordane

Sogn og FjordaneTal frå Segel AS syner at ved utløpet av 2012 var der 1631 årsverk i fiske, havbruk og omsetnad av fisk i Sogn og Fjordane.

494 av desse årsverka var innan akvakultur, fordelt på 81 bedrifter. Rapporten, som er ein del av arbeidet med verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane fram mot 2025, syner og at reduksjonen av talet på aktørar i havbruksnæringa har gått saktare i Sogn og Fjordane enn i landssnittet. Talet på selskap vart redusert med 18 % i Sogn og Fjordane frå 2004 til 2012, medan ein på landsbasis fekk 31 % færre aktørar.

Tekst: Øyvind Kråkås