Søk i arkivet

Salmon Blog: Soneforskrift og rullerande MTB

Då soneforskriftene vart innførte i Hordaland og Rogaland, var dei ikkje meint å skulle vere produksjonsnedbygging. Men slik har det blitt for dei minste aktørane.

Innføringa av utsettsonar skulle gje felles brakkleggingstid i eit større område. Dette for å få kontroll med PD-problema. Nokre hadde og trua på at sonar ville hjelpe mot lusespreiing, «berre sonane blei store nok».

Utfordringa med å implementere sonar, var at mange av aktørane mista sin dåverande driftsstruktur. To lokalitetar som hadde vore nytta til haust og vårutsett, hamna gjerne i same sone. Dermed mista ein eit utsett, og måtte eventuelt skaffe nye lokalitetar i andre sonar. Dette dreiv mange oppdrettarar i Hardanger og Sunnhordland til å skaffe seg areal i Nordhordland.

Nokre var heldige med sonegrensene, andre ikkje. Nokre lukkast med å skaffe nye lokalitetar, andre ikkje. Uansett kosta det mykje pengar å opprette ny aktivitet på ein plass langt vekke frå der ein drive frå før. Med berre nokre få konsesjonar disponibelt får ein få kilo å dele den etableringskostnaden på.

Har sonane hatt den ynskte effekten mot sjukdom? Vanskeleg å seie. PD-problema er mindre i år, men det er dei og i Sogn og Fjordane, der ein ikkje har sonar. Ser ein på arealutnyttinga, har soneforskriftene ført til at næringa no bandlegge eit større areal med ein redusert produksjonskapasitet. Dette, saman med dei økonomiske konsekvensane, gjere det høgst påkravd å evaluere soneforskriftene.

Inntil vidare må ein jobbe vidare for å tilpasse seg soneregimet. For dei aktørane som har avstått mykje av sin produksjon for å få innført sonedrift, vil den føreslegne rullerande gjennomsnitts MTB vere eit kompenserande tiltak. Med denne vil dei minste aktørane få att ein del av si produksjons- og konkurranseevne.

Les og:

Gjennomsnitts MTB for liten og stor

36 000 tonn bak fjoråret

Tekst: Øyvind Kråkås