Søk i arkivet

Salmon Blog: Ressursnasjonen Noreg

-Noreg er ein ressursnasjon, sa dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre under FHL si generalforsamling i Tromsø i 2012. Nøkkelen til landets sin framtidige velstand ligg i å nyttegjere oss best mogleg av ressursane.

Ein snakkar stadig om korleis landet skal klare seg etter oljen, men dei fleste veit at oljen er berre ein av svært mange ressursar som Noreg forvaltar. Og den er ein av få som ikkje er fornybare. Lenge i forkant, og parallelt med oljeutvinninga, har nordmenn spesialisert seg på å utnytte skogressursar, vassressursar, beiteressursar og fiskeressursar, med fleire.

I all hovudsak førekjem desse ressursane eit stykke vekke frå dei største byane. Landet er difor avhengige av å oppretthalde ein spreidd busetnad for å kunne nyttegjere seg av ressursane, anten det føregår ved utvinning, fangst, foredling eller avl. For dei menneska som skal gjere dette arbeidet, er det å føretrekke at desse samfunna blir allsidige, med eit utvikla tenestetilbod og ei allsidig befolkning.

I avisa Dagens Næringsliv vart det nyleg stilt spørsmål på leiarplass om kor lenge byane ville sjå seg tent med å «betale for distrikta», no som folketalet ofte blir helde oppe ved arbeidsinnvandring. Spørsmålet kunne vore stilt omvendt; kor lenge finne distrikta seg i at store delar av utkomet frå ressursane vert sendt inn til byane?

Mange konfliktar rundt om i verda byggjer på strid om ressursar. Også i Noreg kjenner vi mange døme på dette. Men at det å ta fatt i ressursane skulle vere ei byrde på storbyane sine skuldra, er absurd. For å kunne dele, må ein skape.

Oppdrettsnæringa er ei av dei mest verdifulle delane av norsk ressursutnytting i dag. Vi drive ikkje oppdrett for å oppretthalde distrikta, men vi trenge distrikta for å kunne drive oppdrett. Slik at vi kan sende pengar inn til Oslo, og oppretthalde busetnaden der.

Tekst: Øyvind Kråkås