Søk i arkivet

Oppfinnarpris for fiskeforsking

Karin Pittmann og Bjarne RavnøySalmon Group vil gratulere våre samarbeidspartnarar Karin Pittmann og Bjarne Ravnøy med Hordaland Fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2013.

Gjennom selskapet Quantidoc har dei forska fram ein metode for å måle slimlaget til fisken, noko som mellom anna indikerer motstandsevna laksen har mot lus. Metoden har namnet Mucosal Mapping, og er delvis utvikla gjennom feltarbeid hos Sulefisk AS.

Metoden har vore nytta for å påvise effekten av tilsetjinga Aquate SG, som Salmon Group nyttar i alt vårt fôr. Tilsetjinga styrkar slimlaget, samstundes som det betrar tarmhelsa hos fisken.

Quantidoc delte prisen med Frank Nilsen og Per Gunnar Espedal, som vart utmerka for si oppfinning “Gentest for resistent lakselus”.

Les meir om Quantidoc

Les meir om Aquate SG

Tekst: Øyvind Kråkås