Søk i arkivet

Næringslivspris til Aqua Farms Vartdal

Ottar VartdalOttar Vartdal, som er eigar av Vartdalgruppa Fiskeoppdrett og Aquas Farms Vartdal, har motteke Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris for 2013.

– Ottar Vartdal har stått imot alle forsøk på oppkjøp. Gruppa er lokalt eigd og syter for mange arbeidsplassar på Vartdal og i Hjørundfjorden, framheva banksjef Sigrun Heltne Vartdal i Sparebanken då ho grunngav prisen, skriv Sunnmørsposten.

Ottar Vartdal eig Vartdalgruppa Fiskeoppdrett og Aqua Farms Vartdal, eit konsern med fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg og eige slakteri og fryseri på Vartdal. Aqua Farms Vartdal har vore aksjonær i Salmon Group sidan mras 2012. Selskapet er hovudselskap i Vartdalgruppa Fiskeoppdrett. Ottar Vartdal starta med oppdrett saman med faren Rolf i 1979/1980. I dag har konsernet 40 årsverk sysselsette.

– Det har vore ei fantastisk reise. Eg har vore heldig som har fått jobba heile livet med hobbyen min, seier Ottar Vartdal til Sunnmørsposten. Avisa rosar vartdal for å ha helde på det lokale eigarskapet. – Det er artigare å halde på når ein har full kontroll, seier Vartdal, som er optimistisk på næringa sine vegner. Han spår og rekordprisar på laks i 2014.

Salmon Group vil stolt gratulere eigarar og tilsette ved Aqua Farms Vartdal med prisen. Vi er glade for at stadig fleire vert observante på den viktige rolla havbruk har for næringsutvikling rundt om i landet.

Les artikkel i Sunnmørsposten

For Salmon Group: Øyvind Kråkås