Søk i arkivet

Marint Vekstforum: møte om rekruttering 30. januar

Vemund HolstadMarint Vekstforum legge opp til møte i Florø 30. januar. Tema vil vere rekruttering og språkopplæring.

Havbruksnæringa, fiskeria og tilhøyrande industri vil ha eit sterkt rekrutteringsbehov i åra som kjem. Vi treng ungdomar som tek utdanning til næringane, og vi vil trenge arbeidsinnvandring. Vi klarar ikkje å dekke trongen for arbeidskraft innanlands. For å sikre godt arbeidsmiljø, tilpassing til arbeidsoppgåver, trygge arbeidsoperasjonar og god integrering i lokalsamfunna, er god og riktig språkopplæring avgjerande.

Møtet vil by på innlegg og diskusjonar rundt desse emna. Detaljert program kjem like over nyttår. Sett av datoen!

Melde deg inn i Marint Vekstforum?

Kven er Marint Vekstforum?

Les om det første møtet i forumet