Søk i arkivet

Konkluderar for fase 2 av Integrert Akvakultur

Roger Espeland og Job SchipperSalmon Group jobbar i desse dagar med rapporten frå fase 2 i prosjektet Integrert Akvakultur.

Prosjektet Integrert akvakultur vart innleia i mars 2010, då dei tre selskapa Sulefisk AS, Salmon Group AS og Hortimare møttest og vart einige om å søkje midlar til ei forstudie. Prosjektet ynskjer å legge grunnlaget for kommersiell dyrking av tare i nærleiken av oppdrettslokalitetar for laks og aure. På denne måten vil ein utnytte gjødslinga frå lakseproduksjon som vekstfremjar for plantar, som i sin tur kan seljast til ulike høgverdige marknader, som konsum, medisin, dyrefôr og brennstoff.

Prosjektfase 2 har handla mykje om å førebu større utsett av tare, med dei krava som ei oppskalering stiller til mekanisering og optimalisering av dyrkinga. Der har og føregått eit arbeid med å få klarlagt rammeverket for taredyrking i norske farvatn, noko som har teke ein del tid.

Integrert akvakultur er ei økosystembasert løysing på utfordringar i oppdrettsnæringa. Det vil seie at vi nyttegjere oss av det naturlege samspelet mellom artar i naturen, gjennom å dyrke fisk og plantar saman. Dette står i kontrast til kjemiske og mekaniske løysingar. Vi ynskjer å syne at integreringa av laks og tare slår positivt ut gjennom eit betre vassmiljø og lågare lusepress. Store mengder fisk opphelde seg kring tareplantane, og vil vere naturlege fiendar for lusa.

Les fleire saker om Integrert akvakultur

Tekst: Øyvind Kråkås