Søk i arkivet

Julehelsing til alle i lakselandet

God julEit nytt år går mot slutten, og det er vår glede å summere opp nok eit år med godt samarbeid i Salmon Group.

Det første vi gjorde i 2013, var å ynskje Steinvik Fiskefarm AS velkomne inn som aksjonær. Dette ga oss ytterlegare tyngde, både i forhandlingar og politisk. Det er og kjekt å kunne konstatere at ingen har forlate nettverket i året som har gått, og stadig er der verksemder som syner interesse for å slutte seg til grupperinga. Vi har dermed helde oppe vår posisjon som landets tredje største havbruksaktør. Det gode samarbeidet viser resultat både innanfor og utanfor nettverket, og det er med og sikrar det lokale eigarskapet.

I januar opna det foreløpig nyaste visningsanlegget i gruppa; Engesund Visningssenter. Senteret i Fitjar ynskjer folk velkomne på eit anlegg som er bygd spesielt for visningsføremål, med gode fasilitetar for møte og konferansar. Visningsanlegga representerer frontlinja i næringa si kunnskapsdeling og marknadsføring. Her kan skuleklassar, turistar, journalistar eller andre interesserte få ei førstehands innføring i moderne norsk havbruk.

I mars vart North Atlantic Seafood konferansen arrangert i Bergen, og i det høvet vart der delt ut ti prisar for dyktige næringsaktørar. To av prisane vart Salmon Group til del; Svein Åge Holstad frå Gjølanger Settefisk AS vart Årets oppdrettar i ferskvatn, medan prosjektet Integrert Akvakultur fekk innovasjonsprisen.

2013 var året då Sogn og Fjordane fylke feira 250 års jubileum. Eit av mange arrangement i jubileumsåret, var markeringa «Åtgaum» i Oslo. Der var Salmon Group ein av hovudsponsorane, og med eit ungt og lovande mannskap stilte vi opp på Youngstorget for å syne fram laksen og fjordfylket. Grilla laks og kveite gjekk unna, på det som heldig nok var den første vårdagen i hovudstaden.

I mai opna Svanøy Røykeri sitt nye produksjonsanlegg, og dei baud sjølvsagt på laks i alle variantar. Med dette har Marø Havbruk til fulle fylgt opp intensjonen frå førre konsesjonstildeling; meir foredling av laksen. Det nye røykeriet er ei arkitektonisk perle, midt i det vakre og aktive øysamfunnet. Røykelaksen frå Svanøy vert seld over nett, i butikkar eller på stands ved ulike arrangement gjennom året.

I juni feira Osland Havbruk i Bjordal sitt 50 års jubileum, og dermed statusen som landets eldste reindyrka oppdrettsverksemd. Verksemda har klart å ta seg den smale vegen frå pionerbedrift til hjørnesteinsbedrift, og vert i dag eigd og driven av tredje generasjon Osland. Heile denne historia kan du lese i jubileumsboka «Jakten på det sølvblanke gullet», ført i pennen av den lokale forfattaren Stig Hovlandsdal Øvreås.

Frå hausten 2012 hang det som ein skugge over Salmon Group-familien at styreformann Jostein Kråkås kjempa mot kreftsjukdomen. Saman håpa vi alle det beste, at sjukdomen skulle la seg nedkjempe. I byrjinga av juli 2013 kom den triste beskjeden om at kampen var over. Jostein vart gravlagd frå Solund Kyrkje den 12.. juli. Mange ynskte å ta farvel med den fargerike leiaren, fleire enn det kyrkja på Hardbakke romma, hadde møtt fram for å fylgje han til siste kvilestaden.

Hausten 2013 vart prega av stortingsvalet, og Salmon Group deltok på ei rekke arrangement. Vi ynskte å setje fokus på dei store linjene, næringa si utvikling og vilkåra for framleis lokalt eigarskap. At taket på kva enkeltaktørar kan eige av totalproduksjonen vart oppheva dette året, aktualiserte debatten om ein aktiv strategi for eit framtidig mangfald i næringa. Vi meiner at lokalt eigarskap er garantisten for at næringa skal vere heile kysten til best mogleg gagn.

Dei grøne konsesjonane har vore eit gjennomgangstema heile dette året. I skrivande stund er prosessen rimeleg uklar, med klagerundar alt etter første grovsortering, der halvdelen av søknadane vart forkasta. Samstundes er rullerande gjennomsnitts MTB ute på høyring. Salmon Group meiner at desse sakene ikkje må forvekslast med den veksten næringa treng for å halde på den gode marknadsutviklinga for norsk laks. Vi trenge innovasjon, vi trenge tilpassingar av dagens MTB regime, og vi trenge i tillegg ein vekst i generell MTB, som kan gje meir laks til kundane verda over. Verda vil ha laks frå Noreg.

Vi vil med dette ynskje alle ei fredfull jul, og eit godt nytt år i verdas fremste laksenasjon!

Beste helsing frå alle i Salmon Group AS Logo

Bla deg gjennom året som gjekk på www.salmongroup.no