Søk i arkivet

36 000 tonn bak fjoråret

CarrefourPr uke 48 var det i år eksportert 999 180 tonn laks. Det er vel 36 000 tonn mindre enn på same tid i fjor.

Denne veka passerte vi det magiske talet 1 million tonn eksportert laks i år. Men eksporten er om lag 3,5 % lågare enn i fjor, først om fremst som fylgje av låge temperaturar på vårparten. Det interessante er at denne variasjonen ligg omtrent på same nivå som det ein reknar vil vere høgst tenkjelege produksjonsvekst med ein overgang til rullerande gjennomsnitts MTB.

Eksportprisen passerte godt 40 kroner i veke 48, noko som syner at der er kamp om fisken i marknaden. Mange ventar at 2014 vil bli eit år med enno høgare prisar. Ei innføring av rullerande gjennomsnitts MTB vil berre avhjelpe litt av den totale mankoen i marknaden for laks. Samstundes kan det bli ei viktig tilpassing for mange mindre produsentar, slakteri og eksportørar. Regelendringa er på høyring til 6. januar.

Les og:

Rullerande gjennomsnitt eller MTB som i dag?

Gjennomsnitts MTB for liten og stor

Tekst: Øyvind Kråkås