Søk i arkivet

30 % tilbakegang for PD

NorgeskartPr november i år var det påvist 91 tilfelle av PD på landsbasis, mot 129 på same tid i fjor. I Hordaland er tilbakegangen på nesten 40 %, medan han i Sogn og fjordane er på 74 %!

Laksesjukdomen Pancreas Disease har i ei årrekke vore det store sjukdomstrugsmålet i norsk lakseoppdrett, først og fremst på Vestlandet. Dei siste åra har vi sett ei minka dødelegheit hos fisk som får påvist sjukdomen, og i år ser vi at talet på tilfelle er betydeleg redusert, målt ut frå talet på lokalitetar som har fått påvist smitte.

Tal frå Veterinærinstituttet frå dei to siste åra syner at sjukdomen gjere seg mest gjeldande i sommarhalvåret, med ein topp av påviste tilfelle i juni-juli. Talet av tilfelle deler seg normalt ganske jamt mellom første og andre halvår, men i år ser vi at sjukdomen har “stoppa opp” i Sogn og Fjordane i andre halvår. Der har berre blitt påvist ein smitta lokalitet i dette fylket sidan i juni, og hovudvekta av påvisningar (3 av 5) var i januar. Tilbakegangen på 74 % på årsbasis er oppsiktsvekkande og positiv.

I Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag er talet på tilfelle jamt med fjoråret, medan det i år ikkje har vorte påvist PD i Nord-Trøndelag, Nordland eller Troms i år. Finnmark har hatt 2 tilfelle mot 1 i fjor.

Årsakene til at PD situasjonen no er i sterk betring, er truleg samansette. det er likevel verd å merke seg at nedgangen var større i Sogn og Fjordane som ikkje har soneforskrift, enn han var i Hordaland.

Sjå Veterinærinstituttet sin PD-statistikk

Les og Soneforskrift og rullerande MTB

Tekst: Øyvind Kråkås