Søk i arkivet

Tøff oppdrettsdame har fylt 50

Elin Tveit Sveen2. juli fylte ei av dei mest engasjerte og modige kvinnene i norsk oppdrettsnæring 50 år. Sjølvsagt feira ho det heime på Svanøy.

Elin Tveit Sveen er ein av profilane i norsk laksenæring, og gjennom sitt utrøyttelege engasjement har ho også gjort lokalsamfunnet på øya Svanøy ytst i Førdefjorden kjent i både inn- og utland. Der bur ho saman med mannen Trond, og saman driv dei oppdrettsverksemda Marø Havbruk. Dottera Gro og hennar familie har og busett seg der, og Gro leiar foredlingsverksemda Svanøy Røykeri. I den mest hektiske førjulssesongen er tre generasjonar i sving for å halde hjula i fart i røykeriet, også mor til Elin bidreg til at verksemda får effektuert bestillingane.

Elin er ei kunnskapsrik, rutinert og direkte dame. Ho har engasjert seg i bransjeorganisasjonen FHL (og før det Sogn og Fjordane Fiskeoppdrettarlag) gjennom heile si karriere, og engasjementet vart i mars i år krona med at ho under FHL si generalforsamling i Ålesund vart vald til leiar av Bransjegruppe havbruk og fekk plass i hovudstyret. Der er ho dei lokaleigde oppdrettarane sin spydspiss.

Elin jobbar i alle ledd i oppdrettsnæringa; ho skiftar nøter, fôrar fisk og alt anna som må gjerast på anlegget, ho er med og bearbeidar fisk og sel han på stands rundt om i landet, ho delteke i debattar og stiller opp i møter med politikarar og andre samfunnsaktørar. Ho er alltid godt førebudd og stiller med ein gjennomarbeidd argumentasjon. Nærleiken til fisken og kunnskapen om biologien er ein enorm styrke for hennar innspel og det truverdet dei får i ordskiftet.

Elin har vore ein sterk og tydeleg medspelar i nettverka Havdyrkerne og seinare Salmon Group. I Salmon Group har ho site i styret sidan samanslåinga med Havdyrkerne i 2011. Hennar eigenskapar som utadvendt og sosial, har sikra at dei to organisasjonane har klart å finne ei felles plattform og ein god tone både mellom eigarane og inn mot administrasjonen.

Elin feira 50 årsdagen sin heime på Svanøy saman med familie, vener og kollegaer. Alle i Salmon Group vil gratulere ho av heile vårt hjarte, takke for godt samarbeid og mykje moro så langt, og seie at vi ser fram til alle åra som kjem med både arbeid og glede i felles innsats for oppdrettsnæringa.

Tekst: Øyvind Kråkås