Søk i arkivet

Solveig gifta seg i sola på Svanøy

SolveigRundt 200 gjester fekk vere med og feire då Solveig Willis, kvalitetsleiar i Salmon Group, gifta seg med Olav Tveranger på Svanøy 20. juli.

Etter ei veke med tungt regn over Vestlandet, letta det opp som bestilt rett før vielsen på Norsk Hjortesenter på Svanøy. Paret hadde valt ein humanetisk vielse, ledsaga av nydeleg sang og musikk. Som det sømer seg to som møtte kvarandre gjennom MC-miljøet, kom Solveig og Olav til seremonien på kvar sin motorsykkel.

Kvelden baud på god stemning, nydeleg mat, flotte talar og fengande musikk. Tilsette og eigarar i Salmon Group ynskjer det nyvigde paret lukke til, og gratulerar so mykje!

Tekst: Øyvind Kråkås