Søk i arkivet

Laks er viktig under Øyacup

Øyacup er ei tradisjonsrik fotballturnering som kvar sommar samlar glade deltakarar frå øyane utanfor Florø.

Batalden

Årets turnering føregjekk på Askrova 6. juli. Laget på biletet er frå Batalden. Laksefolk vil kjenne att oppdrettar Nils Tore Karstensen frå E. Karstensen Fiskeoppdrett AS.

-Vi fekk inga topplassering denne gongen, men var med og skapte god stemning og fekk reklamert godt for laksen, seier Nils Tore.

Salmon Group gratulerar gjengen i dei flotte trøyene og alle andre involverte med nok eit godt gjennomført arrangement. Idrett og samarbeid skaper gode kystsamfunn. Med hjelp frå laksenæringa, sjølvsagt.

Tekst: Øyvind Kråkås