Søk i arkivet

Aktuelt

Jostein Kråkås har gått bort

Jostein KråkåsDet er med stor sorg vi meddeler at Jostein Kråkås, dagleg leiar i Sulefisk AS og tidlegare styreformann i Salmon Group, har gått bort, 57 år gamal, etter lang tids kamp mot kreftsjukdomen.

Jostein Kråkås har vore involvert i norsk laksenæring sidan midten av 80-talet. Frå 1994 var han dagleg leiar i Sulefisk AS. Han var ein person som merka seg ut som ein dyktig næringslivsmann og ein sosial og humørspreiande kollega. Jostein hadde ein av dei kvikkaste replikkane i bransjen, og han var glad i å ta ordet både i møter og festlege lag. Reportoiret varierte frå det strengt faglege til favorittpoeten Jakob Sande.

Jostein var utdanna maskiningeniør, og hadde bakgrunn frå skipsverft, aluminiumsproduksjon og utanriksfart. Hans tekniske og industrielle bakgrunn kom ofte til nytte i arbediet for oppdrettsnæringa. Han var innovativ og villeg til å satse på ny teknologi.

Tapet av Jostein Kråkås er tungt for alle i oppdrettsnæringa som har hatt gleda av å samarbeide med han. Profilar som Jostein er sjeldne, han var med å sette sitt preg på næringa i alle desse åra han var aktiv. Jostein Kråkås vert gravlagd frå Solund Kyrkje fredag.

Tekst: Øyvind Kråkås