Søk i arkivet

Aktuelt

Eigarskapstaket er oppheva

Lisbeth Berg-HansenTaket for eigarskap i norsk lakseproduksjon vart oppheva frå 1. juli. Under visse føresetnader kan ein aktør no vekse seg så stor som helst, dersom Konkurransetilsynet tillet det.

Inntil 1. juli var der ei grense på 25 % for kor mykje ein aktør kunne disponere av den nasjonale tillatne biomassen. Etter at Marine Harvest klaga denne saka inn for ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen, kom der attendemelding om at regelen mest truleg var i strid med avtalen.

Før saka rakk å kome opp for domsapparatet, valde den norske regjeringa å endre regelen, slik at det no vil vere mogleg å eige opp mot 40 % under eit sett av vilkår, og i spesielle tilfelle over 40 %. Krava til den som vil vekse, går på bearbeiding, FoU-verksemd og læreplassar.

Slik siyuasjonen er i dag, er det berre Marine Harvest som hare vore i nærleiken av å krysse 25 % grensa. Dei nye reglane opnar og for fusjonar mellom dei største aktørane. Salmon Group har tidlegare uttrykt skepsis over kva ein aktør med 40 % av den norske produksjonen kan bety dor demokratiet i næringa. Allereie i dag meinar mange at dei største verksemdene har eit lag til å få vere med å definere reglar og forskrifter i større grad enn mindre aktørar.

Les meir om dei nye reglane på FKD sine nettsider

Tekst: Øyvind Kråkås