Søk i arkivet

-Vi set vår ære i å produsere trygg og sunn fisk

ErikDen siste veka har der pågått ein diskusjon om mattryggleik og norsk laks. Salmon Group har bede vår styreformann, Erik Osland, om å svare på nokre konkrete spørsmål om dette temaet. Erik Osland har jobba i norsk oppdrettsnæring sidan sin spede ungdom, han er utdanna i faget og har bokstaveleg tala sett sitt namn og si ære inn på å produsere laks og aure, gjennom eigarskap og leiarskap i familieverksemda Osland Havbruk AS.

Erik, som produsent, fagmann og tillitsvald; kan du seie at norsk laks er trygg og sunn mat?

Norsk laks er trygg mat. Fisk er sunn mat og inneheld mykje omega 3 fettsyrer som er godt for kroppen. Spesielt feit fisk er rik på desse viktige feittsyrene. Laks og regnbogeaure er feite fiskeslag, dei smakar godt og er sunn mat.

Når laksefisk er feite fiskesortar, har vi høyrt at den kan innehalde meir av miljøgifter som er akummulerte i vill sildefisk som vi nyttar i fôret.  Det som er bra med fisk i oppdrett, er at vi har full sporbarheit på kva innsatsfaktorar som blir gjevne til husdyret vårt. I fòret kan vi velje kva råstoff som er bra for å få rette produktet som kunden etterspøre, og vi kan tilpasse oss dei grenseverdiar vi skal forholde oss til, som myndigheiten fastsette.

Vi veit at fiskeolje og fiskemjøl som komme frå fiskeavskjær på fisk som er fiska i Atlanteren har større innhald av miljøgifter enn same råstoffet som blir henta frå Sør-Amerika.  Difor har ein i langtid brukt mykje Sør-Amerikansk råstoff i fiskefòr.  Vi kan også rense råstoffa dersom verdiane blir for høge. Dei siste 10 åra har ein i tillegg brukt meir og meir vegetabilsk råstoff i fiskefòr, noko som reduserer risiko for å akummulere for mykje giftstoff gjennom feitt frå fisk. Her viser tala at nivåa i oppdrettsfisk er redusert dei siste åra, mot f.eks villfisk.

Men er det greit å gje ein rovfisk som laksen “grønsaker”?

Vi brukar i dag mykje vegetabilske råvarer, og dette kan bli brukt mot oss at vi produserer ein “grønsakslaks” som ikkje er så rik på omega 3.  Laksen blir litt som den maten den ete, men fòrprodusentane  bearbeidar dei vegitabilske råvarene ved å bruke dei viktige aminosyrene, slik at laksen kan nyttegjere seg av det i fòret på ein god måte.  Nivå av omega3 har gått litt ned i laksen med bruk av vegetabiliar i fòret, men laks er fortsatt den suverent beste måten å få i seg omega 3 gjennom kostholdet, også med tanke på smak!

Salmon Group er landets tredje største lakseprodusent, med om lag 10 % av totalproduksjonen. Kva gjere ein i vårt nettverk for å sikre laksen sin kvalitet og mattryggleiken?

Ei av dei viktigaste oppgåvene for SG er felles innkjøp av fiskefòr til medlemmane. Vi handlar fòr for ca 1 milliard NOK kvart år. Med så stort volum har vi sterkt fokus på at dette blir gjort rett. SG har eigen fòrresept og strenge krav til leverandørane. Kontinuerleg overvaking og prøvetaking ligg i botnen for at våre krav og spesifikasjonar vert fylgde til punkt og prikke. I tillegg er SG gode på IK-Akva kvalitetsssytem som skal ivareta fiskehelse og mattryggleik.

Som representant for lokaleigde oppdrettsbedrifter er vi svært opptatt av å kunne være synlege i nærmiljøet og følge gode etiske standardar i produksjonen. Sunne miljøtilhøve er ein føresetnad. Gode vekstvilkår for laksen vil gje gode smaksopplevingar for forbrukar, og positive helseeffektar. Eg er stolt av å vere matprodusent og jobbe i takt med naturen og utnytte dei fantastiske moglegheitane som ligge langs norskekysten.

Vi er og audmjuke, som store produsentar av trygg og sunn mat som både born og vaksne likar og forventar å ha tilgang på året rundt. SG garanterer at vi skal levere eit slikt produkt som kunden forventar, vi legge vår ære i det. Vi spelar med opne kort, og ynskjer å informere om vår næring. Legg gjerne turen innom eit av visningsanlegga våre i sommar, så får du eit glimrande innblikk i vår næring.

For Salmon Group: Øyvind Kråkås