Søk i arkivet

Aktuelt

Sild, laks og strålande festhelg

Laksens dagDei klimatiske forholda har vore med og gjort norsk lakseproduksjon til ein verdssuksess. Laurdag synte værgudane overraskande si miskunn over laksenæringa; Laksens dag i Strandgata i Florø vart ei sommaroppleving av beste merke.

Dette var tredje året på rad at Salmon Group og laksenæringa i Sogn og Fjordane baud på folkefest i kystbyen. Festhelga Himmel & Hav er eit samarbeid mellom det tradisjonsrike Sildebordet, Kinnaspelet, Florø Rockeklubb sin musikkfest og Laksens dag. Dette mangfaldet av fest og kultur trekke til seg folk frå fjern og nær, og laurdag var oppmøtet fortreffeleg.

Flora Røde Kors, Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane og Svanøy Røykeri sikra smaksopplevingane, og laksen gjekk unna på høgkant; grilla laks, røykt laks og sylta laks. På scena stilte det irske orkesteret Tupelo opp og ga ein forrykande konsert.

Salmon Group takkar alle våre samarbeidspartnarar for eit flott levert arrangement, og vil takke det kraftfulle og entusiastiske miljøet i Florø som gjere eit slikt arrangement mogleg.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Firdaposten

Sjå fotoserie her