Søk i arkivet

Satsar på å starte kurs til hausten

Landøyfisk Jr.Norsk Maritimt Senter for Havbruksnæringa har fullført første fasen til ISO-sertifisering utan avvik. -Dette er eit viktig steg i retning av at næringa får lansert ei eiga utdanning for båtpersonell, seier dagleg leiar Johnny Kjæmpenes.

Vi satsar på å kome i gang med tre pilotkurs i løpet av hausten, på Gravdal, Ytre-Namdalen og Austevoll. Der blir det opna for 15 elevar på kvart kurs. Fagplanen for kursa er no ferdig utarbeidd og har muntleg godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet.

-NMSH blir og ein viktig aktør for å vurdere eksisterande maritim kompetanse i næringa. Dette gjeld mellom anna teorien som føreligge under fritidsbåtsertifiktat opp mot nye krav, men og å vurdere praksisen som folk i næringa har opparbeidd. Fordelen vi no har, er at vi kom inn tidleg i denne prosessen og får vere med å knyte krava opp mot praktisk røynsle og bransjekunnskap, seier Kjæmpenes.

Den nye bygg- og tilsynsforskrifta er enno ikkje koma, og dermed er det framleis litt usikkert kva som blir dei endelege kompetansekrava til båtførarane.

NMSH er eit samarbeid mellom Salmon Group og FHL. Ein opnar for at fleire aktørar kan slutte seg til når selskapet er oppe og går i normal drift. Ved sidan av å jobbe som dagleg leiar i NMSH, er Johnny Kjæmpenes tilsett ved Salmon Group. Håkon Tombre er styremedlem i selskapet. Hans Inge Algrøy frå Vestnorsk Havbrukslag er styreleiar.

Tekst: Øyvind Kråkås